Vedtekter for SFO

8 §8.Foreldrebetaling og moderasjonsordningar

Kommunestyret fastset satsane for foreldrebetaling. Fråvær enkeltdagar t.d. ved sjukdom eller frivillig fråvær gir ikkje reduksjon i betalingssats. Matpengar kjem i tillegg til vanleg betalingssats. Det er 50 % søskenmoderasjon på plassar i SFO. Søskenmoderasjon gjeld ikkje på tvers av barnehage og SFO. Dersom barnet ikkje blir henta innan avtalt tid, blir det fakturert eit tillegg på 150,- per dag. Ved manglande betaling kan barnet miste plassen i SFO.

Føresette kan søke reduksjon i foreldrebetalinga dersom

  • foreldrebetalinga utgjer meir enn 6 prosent av samla bruttoinntekt for hushaldet per barn siste året 
  • det er ei varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet

 

Denne ordninga gjeld både heiltids- og deltidsplass. Foreldre som får redusert betaling for eit barn på 1.trinn treng ikkje søke på nytt i 2. trinn om ikkje situasjonen endrar seg. Betaling for kost kjem i tillegg. For søknader sendt før 1.8 vil vedtaket om redusert betaling gjelde frå 1.8 og ut skuleåret. For søknader sendt etter 1.8 vil vedtaket gjelde frå den første i neste månad.
Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. forvaltningslova §28. Søknadsskjema ligg i Visma Flyt Skule.