Vedtekter for SFO

6 §6. Opptaksperiode og oppseiing av skulefritidsplassen

Søknad om opptak skjer i Visma Flyt Skole. 

Dato for hovudopptak er 1. mars. Søknadsfrist blir annonsert på kommunens heimeside. Tenesteleiar informerer alle føresette til barn i den aktuelle aldersgruppa. Plassen gjeld for skuleåret, frå SFO opnar etter sommarferien. 

Plass i SFO kan seiast opp eller endrast med ein månads oppseiing/endringstid, rekna frå datoen plassen vert sagt opp/endra. Om ein seier opp plassen etter 1. april, må ein betale for plassen ut SFO-året. Unntak er når det kan dokumenterast flytting til annan kommune. Føresette skal gi beskjed om endring/oppseiing gjennom Visma Flyt Skule.