Vedtekter for kommunale barnehagar i Bygland kommune

6 Samarbeidsorgan

Barnehagen skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval, jamfør § 4 i lov om barnehagar. Foreldrerådet består av foreldra/dei føresette til alle barna i barnehagen. 

Foreldrerådet skal arbeide for foreldra/føresette sine felles interesser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. 

Foreldrerådet skal: 

  1.  Velje representantar til samarbeidsutvalet.
  2. Bli førelagt og har rett til å uttale seg i saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen. 

 

Samarbeidsutvalet er felles for barnehage og skule. Krav til representantar er i samsvar med lov om barnehagar og opplæringslova. Samarbeidsutvalet består av to representantar frå foreldrerådet i barnehagen, to representantar frå dei tilsette i barnehagen, to representantar frå foreldreutvalet på skulen, ein representant frå undervisningspersonalet, ein representant frå andre tilsette på skulen, to representantar frå elevane og to representantar frå kommunen. Tenesteleiar ved oppvekstsenteret er ein av kommunen sine representantar. Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.