Vedtekter for kommunale barnehagar i Bygland kommune

5 Opptakskriterier i barnehage

Brukaren sine ønskjer og behov skal leggjast stor vekt ved opptaket, jf. lov om barnehagar § 17. Ein kan få tilbod om plass i ein annan barnehage i kommunen, dersom det ikkje er ledig plass der ein søkjer. Etter søknadsfristen tildelast det først plass til barn med nedsett funksjonsevne og barn med vedtak etter lov om barnevernstenester (barnevernslova). Dette omfattar barn med rett til prioritet ved opptak etter lov om barnehagar § 18 sjølv om barnet ikkje har fylt eitt år innan utgangen av september. 

Deretter tildelast plass til barn med lovfesta rett til barnehageplass etter lov om barnehagar 7§ 16:

  1. Barn med nedsett funksjonsevne og barn med vedtak etter lov om barnevernstenester.
  2. Barn frå familiar som har store belastningar på grunn av alvorleg og varig sjukdom, eller funksjonshemming hos føresette eller sysken. Dokumenterast med erklæring frå lege eller spesialist. 
  3. Barn med minoritetsspråkleg bakgrunn
  4. Barn med utsett skulestart.
  5. Barn av einsleg forsørgjar.
  6. Barn som har sysken i den ønska kommunale barnehagen.

 

Barn som er busett utanfor Bygland kommune kan, dersom det ligg føre ein interkommunal avtale om dekke av utgifter til barnehageplass, tildelast plass for eit barnehageår av gonga etter at alle barn i Bygland kommune er tildelt plass og det er ledig kapasitet i høve bemanning og areal.