Vedtekter for kommunale barnehagar i Bygland kommune

13 Bemanning

Barnehagen skal ha ei forsvarleg pedagogisk og administrativ leiing. Barnehagen skal ha ein assisterande tenesteleiar som har utdanning som barnehagelærer eller annan høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. Barnehagen skal ha bemanning etter gjeldande lover og forskrifter. Bemanningsnorma er minimum ein vaksen per 3 barn når barna er under 3 år, og ein vaksen per 6 barn når barna er over 3 år. Pedagognorma er minst ein pedagogisk leiar per 7 barn under 3 år, og minst ein pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år.