Vassmålar

  1. Alle bygg som blir bruka til næringsverksemd og som er tilknytta kommunal vassleidning skal ha vassmålar. Kostnadane ved monteringa av vassmålaren, og vedlikehald av denne, må byggeigar dekke sjølv.
    Kommunen v/formannskapet kan likevel i einskilde tilfelle tillate eller krevje betaling for vassforbruket etter stipulert forbruk.
  2. Hus og hytter som blir bruka til bustad eller fritidsføremål, og som er knytta til kommunal vassleidning, kan velge å få montert vassmålar, eller å betale vassforbruket etter bygget sitt bruksareal.
    I desse tilfella er vassmålaren kommunen sin eigedom. Bestilling og monteringskostnad blir dekka av kommunen. Abonnent skal betale ei årleg leige som utgjer 15% av målar- og installasjonskostnaden. Målaren skal bli montert lett tilgjengeleg for avlesing og vedlikehald.

Skjema form ansvarleg røyrleggar må bruke ved montering av vassmålar: 

Skjema for vassforsyningsdata (XLS, 29 kB)