Informasjon frå SMG om handtering av klede og andre tekstilarFrå 1.1.25 kom det forbod mot å kaste klede og andre tekstilar i restavfallet. Desse må no leverast på gjenvinningstasjonane.På gjenvinningstasjonane vil du finne eigne behaldarar for levering av tekstilar. Tekstilane du leverer må vere pakka i plast. Sorter gjerne tekstilane slik:ting som er brukbare/kan bli brukt av andre ting som ikkje kan bli brukt på nyttTekstilar som er brukbare vil bli levert til butikkar som driv med sal av brukte klede eller til organisasjonar som brukar desse i sitt nødhjelpsarbeid.Tekstilar som ikkje kan brukast på nytt, går til fibergjenvinning og produksjon av produkt som er basert på dette.I vårt arbeid med gjenbruk og resirkulering av klede og andre tekstilar, har vi inngått eit samarbeid med Setpro A/I AS om sortering og vidare handtering av desse.Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS Publisert 21.01.2025 08:29 Sist endra 19.09.2025 11:18