Rettleiar for utarbeiding av private reguleringsplanar

Rettleiar for utarbeiding av private reguleringsplanar

Denne rettleiaren med vedlegg skal nyttast ved utarbeiding av reguleringsplanar i Bygland kommune. Målet med rettleiaren er betre planar, likare handsaming, raskare handsaming, og mindre etterarbeid.

Rettleiaren inneheld opplysningar om planprosess, saksgang, sjekkliste og malar.

Sjekkliste skal nyttast av plankonsulent til kvalitetssikring av planmateriell før innsending til kommunen, og av sakshandsamar for mottakskontroll.

Rettleiaren synleggjer kva krav som finst til planinitiativ og gjennomføring av oppstartsmøte etter ny forskrift frå 01.01.2018 Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven.

Det er òg synleggjort verknadane av endringar i forskrift om konsekvensutgreiingar som trådde i kraft 01.07.2017.

Malane er tilgjengelege som redigerbare dokument på heimesida til Bygland kommune.

Det ligg fleire nyttige lenker til ulike typar rettleiingsmateriell, forskrifter osb. under kapittel 4.

OBS! Bygland kommune gjer sitt beste for å halde lista med lenker oppdatert, men det er plankonsulenten sjølv som er ansvarleg for å syte for at det er den siste versjon som vert nytta.

 

HAR DU GENERELLE SPØRSMÅL OM PLANARBEID?

Då kan du sende ein e-post til kommunen: post@bygland.kommune.no

Sakshandsamarar:

Private reguleringsplanar: inger.siri.lidi@bygland.kommune.no

Kommunale planar: sonja.skjevrak@bygland.kommune.no

Byggesak: liv.elin.berg@bygland.kommune.no

Kontaktperson for veg og VA: kjell.oyvind.berg@bygland.kommune.no