Bruk eit moderne språk
I offentleg språk har det vore vanleg å bruke ord og formuleringar som gir teksten eit høgtideleg preg. Skal vi skrive godt offentleg språk i dag, må vi skrive klart og følgje språkutviklinga. Unngå difor ord og uttrykk som verkar framande eller forelda. Ein såkalla «kansellistil» eller umoderne byråkratspråk skapar unødvendig avstand til lesaren. Døme på slike ord er vedrørande, påsjå , ….
Ver obs på moteuttrykk
Moteord dukkar opp i språket vårt med jamne mellomrom. Dei siste åra har du kanskje sett orda «i forhold til», «fokus», «proaktiv» og «framoverlent» bli mykje brukt. Ofte vert desse orda brukt feil. Ver difor varsam med moteorda og bruk dei rett om du skal bruke dei.
Ord vi ofte brukar feil
Fokus:
Fokus betyr eigentleg "brennpunkt" eller "midtpunkt". Det betyr at vi kan sette noko i fokus. Vi kan derimot ikkje sette fokus på, ha auka fokus eller breitt fokus.
Foslag til avløysarord og -uttrykk:
- merksemd
- søkelys
- legge vekt på
- prioritere
- sette øvst
- konsentrere om
- satse på
- sette dagsorden
- vere oppteken av
I forhold til:
I forhold til betyr samanlikna med. Dersom du ikkje er ute etter å samanlikne noko, bør du unngå "i forhold til". Jobbar du mykje i forhold til førre veke, betyr det at du jobbar mykje samanlikna med førre veke. Du jobbar ikkje mykje i forhold til ein plan. Du jobbar mykje "med" ein plan.
Vi har mange andre gode ord og uttrykk å bruke i staden:
- i
- med
- til
- på
- for
- om
- når det gjeld
- med tanke på
Forfordele:
Tyder eigentleg: gje mindre enn ein har krav på ved fordeling. Kan også bety gje meir enn ein har krav på.
Råd: ikkje bruk dette ordet!