Innbyggarforslag

Gjennom å samle underskrifter, har du som innbyggar i ein kommune eller eit fylke rett til å sette ei sak på den politiske dagsorden. Men, du har ikkje krav på noko bestemt utfall av saka.

Kven kan føreslå saker?

For å fremje eit innbyggarforslag, må du bu, dvs vere folkeregistrert i den kommunen (eller fylket) saka gjeld . Ungdom under 18 år kan føreslå saker.

Kor mange underskrifter treng du?

Du må samle underskrifter frå minst 2% av innbyggarane. I fylkeskommunen er det nok med underskrifter frå 500 innbyggarar i fylket.

Kva kan du fremje saker om?

Du kan fremje saker som gjeld kiommunen eller fylkeskommunen si verksemd. Dette vil i praksis seie oppgåver som kommunen eller fylkeskommunen er engasjert i, både lovpålagde og frivillige oppgåver. Det er dermed snakk om eit vidt spekter av saker.

Kva kan du ikkje fremje saker om?

  • Saker som allereie er handsama av kommunestyret (eller fylkestinget) i løpet av valperioden.
  • Saker med same innhald som eit tidlegare innbyggarforslag.


Dette tyder ikkje at det er forbode å fremje “den same” saka i løpet av ein og same valperiode, eller at kommunestyret eller fylkestinget ikkje har lov til å handsame saka. Kommunestyret eller fylkestinget kan velje å handsame ei sk som har blitt handsama før, men forslagstillaren kan ikkje krevje dette.

Når må saka handsamast?

Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til saka seinast seks månader etter at ho har fått nok underskrifter. Det er eit unntak frå denne fristen. Seksmånadersfristen gjeld ikkje viss saka blir vist til handsaming i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova.

Kor lenge kan ei sak bli liggande?

Saker som ikkje har nok underskrifter etter 12 månader, blir stengt.

Meir informasjon om innbyggarforslag:

 

Korleis sender eg inn eit innbyggarforslag?

Trykk på knappen:  Send inn forslag Då kjem du inn i minsak.no