Sikker post til kommunen (eDialog)

Vi bruker eDialog. Med denne tenesta kan du trygt sende oss brev og dokument sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.

Send sikker post til Bygland kommune

Difor bør du bruke e-dialog

Mange sender oss dokument  pr. e-post. E-post er ikkje ein sikker kanal, den kan hackast, e-postar kan bli stoppa av spamfilter, eller det kan vere andre grunnar til at den ikkje kjem fram.

eDialog er ein sikker kanal der du kan kontakte oss og sende oss dokument. Alt som blir sendt gjennom denne kanalen blir lagt inn i vårt sak-/arkivsystem.

Vi oppmodar både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss.

Slik brukar du e-dialog

For å bruke tenesten, må du logge deg på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten. Hjelp til å logge på. Når du har logga inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle dokument du vil sende til oss (dokumente må vere i pdf-format).

Spørsmål og svar