Kristin og Pål Moi

Pål Moi og kona Kristin hadde eigentleg planlagt å kjøpe bubil. Men då dei oppdaga at eit småbruk i Åraksbø kom for sal, kunne dei ikkje la sjansen gå frå seg. No levast kvardagen med familieliv, dyr og ein grønsakshage i startgropa. 

-Eg har alltid synest at Åraksbø er ein av dei flottaste plassane i heile Setesdal, seier Pål.

-Så det var jo flaks at denne garden dukka opp på tampen av 2022.  

Tobeinte og firbeinte i skjønn foreining

Familien, med tre born i barneskulen, flytta frå Iveland til Bygland og fann seg fort til rette. Kristin er lærar og fekk jobb ved skulen på Bygland, Pål arbeider i skogen og køyrer skogsmaskin til dagleg – og på garden er det nok å gjere. Ikkje minst etter at fleire to- og firbeinte flytta til gards.

Foto: Marion Solheim

-Skal vi sjå… vi har ti geiter, ein heil bråte høner, mange vaktlar og rikeleg med kaniner. Eg kjøpte tre og vart lova at dei var same kjønn. Det var dei ikkje, humrar Pål. 
-Og så driv vi med oppdrett av norsk lundehund, så vi har fem av dei og to andre hundar. Så det er nok å henge fingrane i. Vi driv også med eigenprodusert eplemost, eplegelè og pæregelè, der kan det ligge moglegheiter på sikt. Og grønsakshagen er så smått i gong, fortel han.

 

 

Nok å henge fingrane i

Sjølv med ein travel kvardag, så tek Pål tid til å engasjere seg i lokalmiljøet.

-Eg sit i styret i Bygland idrettslag, og så hjelper både kona og eg til med barneidretten. Med jobb, oppussing, hundar som skal på tur kvar dag og alt anna som skal gjerast, så er det ikkje mykje tid igjen. Men her i Åraksbø er det triveleg og sosialt. Vi går på besøk til kvarandre, og i sommar var det sommarfest i bygda med naboane. Det er ein utruleg bra gjeng som bur her, og alle stiller opp, fortel Pål.

 

Pål er glad han hamna i Bygland.

-Vi er veldig nøgde med å bu akkurat her. Eg tenker det er jo slik at dei som vil ha folk tett på seg, dei trivast jo fint i byen. Men vi som likar å ha litt plass rundt oss, til ungar som leikar og kanskje ein kjøkenhage, for oss er denne bygda veldig bra. For meg og mine er det ganske viktig, dette med å ha god plass. Det er også eit pluss med alle turmoglegheitene her. Eg er ofte på tur med hundane på skogsbilvegane rundt omkring, det er sånt eg kan like, fortel Pål.

-Og bubil vart det likevel, berre ikkje like høg standard, ler den ferske bonden.  
 

Tekst: Marion Solheim