Flytta til Bygland og såg seg ikkje tilbake

-Når veret er fint, så er det jo ikkje flottare stad enn Bygland! Og det er så mange flotte menneske her. Lina Eie Kleivane møter mange byglendingar dagleg. Ho og mannen Tor eig nemleg Joker-butikken i Bygland, og ein nærbutikk i distriktet er meir enn berre ein plass å kjøpe brød og fiskekaker. 

Marion Solheim

-Eg står butikken kvar dag, og møter mange. Det var litt småskummelt i starten, men det gjekk veldig raskt å bli kjent med folk her. Butikken er jo ein sosial møteplass, og for å seie det sånn – det er ikkje alltid ein handletur berre tek eit par minutt, ler Lina. 

Fekk nok av bylivet

Ho og mannen flytta til Bygland i 2017, etter mange år i Oslo. Ho hadde allereie eit nettverk her, sidan mannen er frå kommunen. Og med landleg bagasje frå sin eigen barndom, så vart det etter kvart freistande å flytte vekk frå storbyen.
 

-Vi var ganske mette på storbylivet, rett og slett. Det var på tide med eit miljøskifte, så når moglegheita kom til å ta over drifta av butikken så slo vi til, fortel Lina. 
 

-Eg synest det er bra med tilbod her, sjølv om det er ei lita bygd. Eg for min del vart med i koret, og vart godt kjent med dei andre. Og det er mange andre sosiale arenaer her. Ulike idrettar, korps, kafè, og så er Bygland frivilligsentral kjempedyktige til å arrangere ulike ting. Ja, og så har vi jo puben også. Det er mange stader å vere sosial her, for dei som vil. 
 

Variasjon gjennom heile året 

Det slåande naturen kring Byglandsfjorden er eit kjempepluss for Lina. 
-Det er noko med kvar årstid her. Min favoritt er sommaren, med båtliv, strandliv og publiv på Bjoren brygge. Om hausten er det alle fargane og den friske lufta… Eg er veldig glad i å tusle i skogen og leite etter sopp, og her er mykje av det! Eg har funne kantarell, steinsopp, traktkantarell, piggsopp, fåresopp, blå ridderhatt, sotriske og raudnande parasollsopp. Ein luksus! Og så kjem vinteren. Det er så flott med desse kalde vinterdagane når snøen krispar seg, lyset er blått og det dalar lette snøflak. Etter eg kom til Bygland har eg teke opp igjen interessa eg hadde som ung med å gå på ski. Det er heilt nydeleg. Våren er sjølvsagt flott her - ja, alle sesongane er veldig fine på kvar sin måte. 
 

Lina sin favorittur er å gå opp til Drøymarnuten, eit flott lite eventyr som blir løna med eit slåande utsyn over Byglandsfjorden, Bygland, Jordalsbø og heiane rundt. Der kan ein verkeleg ta inn elementa.
-Naturen her er fantastisk. Men det aller beste med Bygland er faktisk menneska som bur her, sler Lina fast. 
-Dei gjer dette til den beste plassen for meg, smiler ho. 
 

Tekst: Marion Solheim