Visste du at du kan søke om å behalde dagpenger eller AAP under etablering av eiga verksemd?

Har du ein forretningsidé? Om du er arbeidsledig eller permittert og får dagpengar, kan du søke om å behalde t.d. dagpengane medan du planlegg og etablerer verksemd, i inntil 12 månader

Får du dagpengar og ønskjer å starte eiga verksemd?

Om du er arbeidsledig eller permittert og får dagpengar, kan du søke om å behandle dagpengane medan du planlegg og etablerer verksemd i inntil 12 månader.

Får du arbeidsavklaringspengar og ønskjer å starte eige verksemd?

Du kan søke om å behalde AAP i ein utviklingsfase på inntil 6 månader. Du kan også søke om å behalde AAP i ein oppstartsfase på inntil 3 månader.

Viktig: Du må søke før verksemda starter opp!

Sjekkliste før du starter prosessen:

  • Verksemda må vere ny.
  • Etableringa må kunne føre til at du kan leve av inntektene frå verksemda du starter.
  • Ved AS må du eige meir enn 50% av verksemda, aleine eller saman med andre som også får dagpengar.
  • Du kan ikkje sjølv vere ansvarleg for at du har mista jobben dei siste seks månadane.

 

Ta kontakt med Nav-rettleiaren din i Aktivitetsplanen og send melding i dialog om at du ønskjer samtale om å starte opp eige verksemd.

For å få godkjent etableringa hos NAV, må det ligge føre ei næringsfagleg vurdering, og den hjelper Driv Agder deg med. Bestill gratis time hos ein rådgjevar på Driv Agder: Driv Agder - Etablerersentere i Agder

Driv Agder hjelper deg på veg!

Driv Agder er eit etablerersenter som tilbyr gratis kurs og rådgjeving til alle gründarar i regionen, og innføringskurset er ein flott stad å starte! Dei har også mange andre nyttige kurs for deg som skal starte eiga verksemd.

Her kan du sjå kurskalenderen: Driv Agder sin kurskalender

Her kan du bestille time med rådgjevarar: Timebestilling