Vil du investere i helsa di, og samstundes ha sjansen til å vinne 5000 kr?
Den viktigaste investeringa vi gjer er i helsa vår. No kan du vere med og ta gode val for helsa di -saman med andre i kommunen. Å gjere det saman er meir motiverande og morosamt enn å gjere det åleine. I tillegg kan du vere med i trekninga av 3 gåvekort- 2 på 5000 kr og 1 på 2000 kr.
Få med deg arbeidskollegaer eller familie og vener og bli med på gåturen jorda rundt!
Det er enkelt:
- Last ned appen frå Dytt.no i App-store. Opprett ein brukar. Det er alt du treng gjere. Nå blir skritta dine registrert automatisk i gruppa «Bygland går verden rundt». Om du ønsker kan du registrere anna aktivitet i appen. Det blir då reikna om til skritt. Du kan og legge til bonusoppdrag. Til dømes vil ein skjermfri time før leggetid gi 500 skritt.
- Du kan og registrere ein brukar på www.dytt.no/bygland. Her må du legge inn skritta dine manuelt. Dette er gjort på eit par minutt.
Dei fleste av oss går 3-4000 skritt utan å anstrenge oss dagleg. Forskning syner at det er stor helsegevinst ved å gå dobbelt så mykje. Så invester i helsa di og bli med jorda rundt. Første delmål er Berlin – håper vi sjåast der!
NB! Ingen kan sjå kor mange skritt du går. Det er kun Dytt.no som har oversikten.
Publisert 31.01.2025 08:58
Sist endra 31.01.2025 08:58