Mindre enn 10 år etter den andre verdskrigen vart landa i Europarådet samde om å lage ein grunnlov for alt europeisk kultursamarbeid, ved å vedta Den europeiske kulturkonvensjonen i 1954. Denne konvensjonen gav håp om ei framtid med europeisk einskap, der all-europeisk kultursamarbeid skal føre til betre forståing for kvarandre, og til aktiv deltaking i det demokratiske liv. I dagens Europa ser vi at prinsippa om demokrati og menneskerettar vert utfordra på mange måtar, og at sjølve levemåten, kulturarven og til og med historiske minnesmerke vert øydelagt.
Difor er Kulturkonvensjonen stadig like aktuell, med sin visjon om eit trygt og fritt Europa med demokrati og menneskerettar for alle. Jubileumskonferansen på Bygland vil gje eit aktivt bidrag til å forstå kor viktig dette arbeidet er, kvar einaste dag.
Opning av utstilling
26.10.24 kl. 11:00 i Bygland nye bibliotek
Kulturminnekonferanse
26.10.24 kl 13:00 - 15:30 på Bygland kulturscene.
Program for dagen
Kl. 11:00: Opning av utstilling om Bygland i Vikingtida
Stad: Sentrumsbygget, Bygland Folkebibliotek og Kulturminnesenter, Sentrum, 4745 Bygland
- Velkomen til Jubileumsdagen, ved Ordførar i Bygland, Runar Flåt Granheim
- Åpning av Jubileumsdagen ved 1. Visepresident i Stortinget, Svein Harberg
- Musikkinnslag
- Åpning av utstilling om Bygland i Vikingtida, ved Ass dir Karl Kallhovd, Kulturhistorisk Museum.
- Smaksprøver av vikinginspirert mat og einerlåg (Bygland Bryggeri). Sal av smykke frå Hasla, inspirert av sølje frå kvinnegrava.
Kl 13:00: Europeisk Kulturminnekonferanse i anledning 70års-jubileet til Den europeiske kulturkonvensjonen
Stad: Bygland Kulturscene, 4745 Bygland
Møteleiar, Torbjørn Frøysnes, Norges tidl. Ambassadør til Europarådet
- Velkomst v/Ordførar Runar Granheim
- Offisiell åpning ved Europarådet: Ambassadør Jonas Mazeika, Litauen Formannskapslandet i Europarådet
- Sikring av vår kulturarv i krevjande tider,
Leiar for Europarådets Styringskomité for kultur,kulturarv og landskap, Utredningsleder Terje Birkrem Hovland, Klima- og miljødepartementet - Folkemusikk frå Setesdal
- Kulturminnevernet i Agder, Fylkesordfører Arne Thomassen
- Kulturvernforbundet og Kulturminnedagene 2024: Nestleder Tone Moseid, Kulturvernforbundet
- Aust Agder museum og arkiv sitts arbeid i Agder og Setesdal, Direktør Ellen Aslaksen, AAma
- Verdensarven: Folkemusikkinnslag, stev og dans frå Setesdal
Kaffepause
Vikingtida i Bygland : Kvinneprofilar og krigarar for 1000 år sidan
Møteleiar for fagseminaret: Prosjektleiar, arkeolog Ingvild Solberg Andreassen
- Prof Emeritus Jan Henning Larsen: Gravene på Nese og Vikingtid i Setesdal -Makt, handel og ritualer
- Kunstnarleg : Voluspå og musikk
- Vikinganes verden – tru og mytologi: Arkeolog Ellen Marie Næss, Norsk Vikingtidsmuseum
- Kven var kvinna på Nese? Arkeolog Marianne Eldorhagen, Aust-Agder museum og arkiv og Arkeolog Ingvild Solberg Andreassen, KHM
- Kven var krigaren på Frøysnes? Arkeolog Marianne Moen, Avd leder, Avd for arkeologi, KHM
- Seksjonssjef Snorre Haukalid, Agder fylkeskommune, i samtale med Ass. kommunedirektør Aslak Jørundland Brekke, Bygland kommune, om kulturminnearbeidet og utvikling av nye attraksjonar og minnesmerke i kommunen
- Heimstadkunnskap om kultursoga, ved Bygland skule; elvemedvirking og framsyning av elevarbeid
- Folkemusikkinnslag, stev og dans frå Bygland og Setesdal
Avslutning, Møteleiar Torbjørn Frøysnes
Kl. 16:00-17.00: Omvisningar i Bygland Museum og på Hanehaug
Ettermiddag/kveld: Open servering Kulturstoga og Bjoren Brygge