Vassmålaravlesing 2025

I starten av desember blir det ein ny runde med vassmålaravlesing i Bygland kommune.

No nærmar det seg tid for å lese av vassmålaren.
Varsel vert sendt på SMS til mobiltelefonen din i starten av desember. Nummeret ditt vert henta frå offentlege register. 
Du svarer enkelt ved å skrive inn målarstanden. Ikkje ta med raude tal eller tal bak komma. 
Dersom du skriv feil, kan du sende inn ny melding med rett målarstand. Det er den siste avlesinga som gjeld for avrekninga.

Dei som ikkje får SMS, vil få avlesingskort i posten. På kortet kan du oppgje mobilnummer dersom du heller ønskjer å få SMS ved neste avlesing.
Du kan òg fylle ut vassmålarskjema som ligg på heimesida til kommunen.

Skjema Vassmålaravlesing

Dersom du ikkje les av målaren, kan kommunen fastsetja årsgebyret skjønnsmessig.