Støtte til sommarjobb for unge
Fylkestinget i Agder har vedteke å gi inntil 25 000 kroner i tilskot til arbeidsgivarar som tar inn ungdom i sommarjobb i 2025.
Søknadar som legg til rette for ungdom med behov for tilrettelegging og/eller som arbeidsgivar veit står utanfor skule og/eller arbeidsliv, blir prioritert.
Målgruppe
- Unge mellom 16 - 20 år med bustadadresse i Agder.
- Personar med nedsett arbeidsevne og/eller unge som arbeidsgivar/søkjar veit står utanfor skule/utdanning og/eller arbeidsliv, vil bli prioritert.
Du kan og søke om støtte til andre unge mellom 16 - 20 år, men støtta skal vere utløysande. Det betyr at verksemder som søker, må ta inn fleire ungdom i tillegg til den/dei i utgangspunktet hadde tenkt å tilby sommarjobb.
Søknadsfrist er 15. april 2025
Du kan lese meir om ordninga på Agder fylkeskommune sine sider
Publisert 12.03.2025 07:45
Sist endra 12.03.2025 07:45