Stønad til bygging av badstoger i Bygland kommuneKommunestyret har vedteke å gi støtte til bygging av badstoger i Bygland kommune. Du finn reglementet for støtte nedanforReglement for støtte til bygging av badstogerKommunestyret har, i PS 106/24, vedteke å sette av kr. 400.000.- til tiltaket.Søkar må vere eit lag, foreining eller kommersiell aktør som har organisasjonsnummer i Brønnøysundregistret. Lag og foreiningar blir prioritert før kommersielle aktørar.. Bruken av badstoga skal ha eit allmennyttig føremål, dette må komme fram i søknaden. og må vere tilgjengeleg for innbyggarane.Det må føreligge ein underskriven avtale med grunneigar der badstoga ynskjast å setjast opp. Badstoger er søknadspliktige og krev byggeløyve frå kommunen. Det kan søkast om støtte med inntil 50% av dei totale byggekostnadane for næringsdrivande. Ingen tak for lag og foreiningar. Maksimal storleik på enkelt stønad er kr.150.000. For næringslivet.- som vert utbetalt når ferdigattest er gitt. Badstoger bygd av lag og organisasjonar som ikkje blir bygd til næringsformål kan bli fullfinansiert. Badstoger til næringsføremål kan bli støtta med inntil 50%. (Jfr. Bagatellstøtteregelverket - EØS).Søknadsfrist er 1. mai 2025. Formannskapet får fullmakt til å behandle søknadar om tilskot Publisert 28.10.2024 09:09 Sist endra 28.10.2024 09:15