Stønad til bygging av badstoger i Bygland kommune - UTSETT FRIST
Kommunestyret har vedteke å gi støtte til bygging av badstoger i Bygland kommune. Du finn reglementet for støtte nedanfor. FRISTEN FOR Å SØKE OM MIDLAR ER UTSETT TIL 1. AUGUST.
Reglement for støtte til bygging av badstoger
Kommunestyret har, i PS 106/24, vedteke å sette av kr. 400.000.- til tiltaket.
- Søkar må vere eit lag, foreining eller kommersiell aktør som har organisasjonsnummer i Brønnøysundregistret. Lag og foreiningar blir prioritert før kommersielle aktørar..
- Bruken av badstoga skal ha eit allmennyttig føremål, dette må komme fram i søknaden. og må vere tilgjengeleg for innbyggarane.
- Det må føreligge ein underskriven avtale med grunneigar der badstoga ynskjast å setjast opp.
- Badstoger er søknadspliktige og krev byggeløyve frå kommunen.
- Det kan søkast om støtte med inntil 50% av dei totale byggekostnadane for næringsdrivande. Ingen tak for lag og foreiningar.
- Maksimal storleik på enkelt stønad er kr.150.000. For næringslivet.- som vert utbetalt når ferdigattest er gitt.
- Badstoger bygd av lag og organisasjonar som ikkje blir bygd til næringsformål kan bli fullfinansiert.
- Badstoger til næringsføremål kan bli støtta med inntil 50%. (Jfr. Bagatellstøtteregelverket - EØS).
- Søknadsfrist er 1. august 2025.
- Formannskapet får fullmakt til å behandle søknadar om tilskot
Publisert 30.04.2025 07:17
Sist endra 06.08.2025 11:23