Dei 11 utvalde kommunane i Agder er Gjerstad, Hægebostad, Iveland, Kvinesdal, Sirdal, Vegårshei, Åmli, Bygland, Bykle, Valle og Åseral.
Ordninga gjeld for innbyggjarar i totalt 189 kommunar her i landet, ifølgje Lånekassen.
Bur i utvalde distriktskommunar
Dersom du bur i ein mindre sentral kommune og er yrkesaktiv i eller utanfor denne kommunen, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.
Denne ordninga er ny. Dei første som oppfyller vilkåra, kan søkja om sletting av gjeld frå 5. januar 2026.
Lenkje til Lånekassen si ordning.
Kven kan få sletta studielån?
Du må oppfylle desse krava i 12 samanhengande månader (oppteningsperioden) for å få sletta lån:
- Bu i ein mindre sentral kommune (klasse 5 eller 6 på sentralitetsindeksen)
- Vere yrkesaktiv i eller utanfor kommunen du bur i
Lån kan slettast når du har oppfylt vilkåra i oppteningsperioden. Opptening etter den nye ordninga kan tidlegast reknast frå 1. januar 2025.
Dersom du både bur og arbeider i Finnmark eller Nord-Troms, kan du framleis søkje om sletting av gjeld etter den eksisteranden ordninga for denne regionen (innsatssona), uavhengig av kommunen sin sentralitetsklasse. Les om ordninga for Finnmark og Nord-Troms
Du må bu i ein godkjend kommune
For å få sletta gjeld, må du bu i ein godkjend kommune i ein oppteningsperiode på 12 samanhengande månader. Med godkjend kommune meiner me ein kommune i klasse 5 eller 6 på sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå.
Å bu i kommunen betyr at du både må vere folkeregistrert der og faktisk bu der.
Sjå liste over utvalde kommunar
Du må vere yrkesaktiv
Du må vere yrkesaktiv, men det er ikkje krav om at du jobbar i kommunen du bur i. Du treng ikkje vere heiltidssett til for å bli rekna som yrkesaktiv, men du må oppfylle minst eitt av punkta under:
- Arbeid i minst 50 prosent stilling
- Fulltidsarbeid i minst seks månader av oppteningstida og registrerte arbeidssøkjar hos Nav dei resteranda seks månadene
- Omsorg for barn fødde i 2014 eller seinare, eller særleg tyngjande omsorgsplikter i nærmaste familie
Dersom du er sjukmeld i perioden, blir denne tida rekna med i oppteningsperioden.
Om du var student før du starta oppteninga, bør du lese avsnittet om kven som ikkje blir rekna som yrkesaktive.
Desse blir ikkje rekna som yrkesaktive
Du blir ikkje rekna som yrkesaktiv dersom du i oppteningsperioden til dømes har vore heiltidsstudent, avtent førstegongsteneste eller vore elev ved ein militær skule. Då har du heller ikkje rett til sletting av gjeld.
Merk: Periodar der du fekk eller kunne ha fått støtte frå Lånekassen til heiltidsutdanning, kan du ikkje ta med i oppteningsperioden. Døme: Dersom du fekk, eller kunne ha fått, støtte heile haustsemesteret, startar ikkje oppteningsperioden din før 16. januar, sjølv om du starta å jobba før det. Det er fordi Lånekassen reknar haustsemesteret frå 16. august til og med 15. januar.
Berre lån som er rettmessig tekne opp
Det er berre lån som kan slettast, ikkje renter og gebyr. Lånet kan vere teke opp til utdanning på alle nivå.
Du kan berre få sletta lån som er rettmessig teken opp. Urettmessig motteke lån, eller urettmessig motteke stipend som er omgjort til lån, skal ikkje slettast.
Du skal betala som vanleg
Du skal betale avdrag og renter som vanleg, sjølv om du har fått sletta lån.
Slik søkjer du
Søknaden opnar 5. januar 2026. Du må logge inn for å søkje om sletting av lån. Søknaden for sletting av lån er felles for fleire ordningar. Når du søkjer, hentar me data som avgjer kva ordning som gjeld for deg. Dersom me ikkje klarer å hente data, får du beskjed om å sende inn dokumentasjon.
Søknadsfrist
Du må søkje innan tre månader etter at oppteningsperioden er over. Oppteningsperioden er dei 12 månadene du oppfyller vilkåra for å få sletta lån.
Gå til søknad om sletting av lån