Setesdal regionråd på Unesco-møte i Kulturdirektoratet

Onsdag i denne veka var Setesdal regionråd på strategimøte i Kulturdirektoratet der Unesco-status og satsing i Setesdal stod på programmet. Frå direktoratet kom det lovord om arbeidet som blir gjort i Setesdal, og frå ordførarane vart det streka under at prosjektet i dag er sårbart, og at fast finansiering er avgjerande. Publisert av Ole Birger Lien

Setesdal regionråd på Unesco-møte i Kulturdirektoratet. Frå venstre: Vidar H. Homme, kommunedirektør i Valle, Kåre Einar Larsen, kommunedirektør i Åseral, Inger Lise Lund Stulien, ordførar i Åseral, Lars Tarald Myrum, ordførar i Valle, Annbjørg Lien, kulturarvskoordinator Agder fylkeskommune, Hans Blattmann, ordførar i Bykle, Morten Haraldstad, ordførar i Evje og Hornnes og Runar Granheim, ordførar i Bygland. Gro-Anita Mykjåland

I møtet presenterte ordførarane ei heil rekke konkrete døme på korleis måla i strategien alt samsvarar med måten Setesdal arbeider med friviljugheit, rekruttering og kulturarv gjennom heile oppvekstløpet.

– Eit døme til etterfylgjing, kom det frå Kulturdirektoratet, som gav tydeleg ros til regionen. Direktoratet peika også på at modellen har potensial for internasjonal interesse – som eit godt eksempel på praktisk, lokalt forankra arbeid med immateriell kulturarv.

Må ha fast finansiering

Ordførarane var klåre på at sjølv om det går føre seg mykje godt Unesco-arbeid, er prosjektet og kulturarven sårbar. Dei lyfta behovet for fast finansiering som del av strategien både for å styrke frivilug innsats og rekruttering. Det vart streka under at ein ynskjer at Setesdal skal bli ein samarbeidsparnar og eksempelregion i implementeringa av strategien for immateriell kulturarv - og ein ser fram til vidare arbeid med å byggje eit stabilt grunnlag for å sikre og styrke kulturarven for framtida.