Planinitiativ for Urdehei vindkraftverk trekt før handsaming i kommunestyret
Bygland kommune har i dag motteken skriftleg melding frå Statkraft Energi AS om at selskapet trekkjer planinitiativet sitt for Urdehei vindkraftverk.
Planinitiativet, som vart sendt til kommunen 8. januar 2026, var sett opp til handsaming i kommunestyret 12. februar 2026. På bakgrunn av meldinga frå tiltakshavar vert saka trekt frå sakskartet og ikkje handsama i morgondagens møte.
Kommunedirektøren legg til grunn at det dermed ikkje ligg føre noko planinitiativ til vidare handsaming etter plan- og bygningslova. Eventuell vidare utvikling av prosjektet vil føresetje at nytt planinitiativ vert fremja på ordinær måte.
Kommunen held seg til dei formelle prosessane etter plan- og bygningslova. Når tiltakshavar vel å trekkje planinitiativet, vert saka avslutta administrativt på dette tidspunktet.
Saksdokumenta vert oppdaterte i tråd med dette.
Spørsmål om saka rettast til kommunedirektør.
Kommunedirektør
Simon Ellingsberg
E-post: simon.ellingsberg@bygland.kommune.no
Tlf.: 975 70 196