Oppmoding frå Nullvisjon ved skulestart: Øv saman med barna

La barna sykle eller gå til skulen, men øv saman med dei for å trygge skulevegen

Ein viktig del av oppdraginga av barnet er at vi som foreldre øvar på skulevegen saman med barna våre, og lærar dei å oppføre seg rett i trafikken. Gjennom dette trygger vi både vårt eige og andre sine barn.

Gå til skulen

Snakk med barna om kva farar som finns på skolevegen og lær dei å bruke både blikk og høyrsel. Gå-grupper med andre barn i nabolaget er ei flott ordning, der ein eller fleire vaksne og kan følgje med på skulevegen for alle sin tryggleik.

Refleksvesen gjer mjuke trafikantar endå meir synlege, ikkje bare i mørket, men og i ljoset.

Sykle til skulen

Enkelte skular tilrår at elevane ventar med å sykle til dei har fått sykkelopplæringa på 4. trinn.

Barna si trafikkforståing blir sett ekstra på prøve når faren aukar, og der kunnskapane og risikoen går hand i hand. Igjen er det vi som foreldre som må stå for hoveddelen av opplæringa. Vi må sykle saman med barna og hjelpe dei å meistre sykkelen og tilhøva langs vegen, om det er trøsykkel eller sparkesykkel. Felles for alle på sykkel er sjølvsagt at alle brukar sykkelhjelm - og på korte turar.

Hjartesone

Hjartesone-omgrepet betyr å etablere ein trafikkultur der flest mogleg går eller syklar til skulen.

Det beste for barna er å kunne gå eller sykle til skulen, på ein sikker skuleveg. Den friske lufta stimulerer til betre læring, og borna øver på dei sosiale ferdigheitene på skulevegen. Likevel er det viktig at vi minnast at barna ikkje har den vaksne si oversikt og forståing av trafikken. Har barna ein særleg farleg skuleveg, eller avstand som fell innafor reglane om skuleskyss, vil kommunane innvilge skyss.

Sikring i bil

Nullvisjonen minner elles om at barn som må bli køyrt eller bli skyssa til skulen skal bli sikra rett og godt - også på korte turar. Stikkord er tynne klær, stramme belter og passande bilstol.

Bruk bilstol og unngå sittepute så langt det let seg gjere, det gir ingen sidestøtte ved ein kollisjon.

Nullvisjon Agder ønskjer alle ein trygg og god skulestart, og den startar som innledningsvis nemnt allereie på skulevegen.

Refleks for 1. klasse

I løpet av hausten skal Nullvisjonen rundt til førsteklassingane på skulane. Då får dei refleksvestar og vi snakkar om korleis ein skal bevege seg i trafikken (gå og sykle), kor viktig det er å bruke sykkelhjelp, belte i buss og vil, blindsone m.m..

Kontaktinformasjon

Nillvisjon Agder sin regionleiar i Lindesnes og Setesdal, er Bjørn Ivar Birkeland. har du spørsmål knytta til Nullvisjonen sitt arbeid eller ønskjer utfyllande informasjon, kan du treffe han på:

Telefon 918 62 597 eller

E-post: bjorn.ivar.birkeland@lindesnes.kommune.no