Oppgradering av Pakkbua på Byglandsfjord

Pakkbua på Byglandsfjord Bygland kommune

Kommunen har kome langt på veg med å oppgradere Pakkbua til ein meir attraktiv møteplass. 

Etter grundig førearbeid har det blitt gjennomført ein anbodskonkurranse for utføringa av prosjektet. Tilboda som kom inn var vesentleg høgare enn venta, og politikarane vedtok difor å ikkje gå vidare med nokon av tilboda. No arbeider administrasjonen med å leggje til rette for ein rammeavtale der totalkostnaden blir vesentleg lågare. 

Dersom kommunen lukkast med å finne ei god løysing, er ønsket at prosjektet skal setjast i gang våren/sommaren 2026.