Oppgradering av Pakkbua på Byglandsfjord stasjonsområde

Bygland kommune har starta arbeidet med å oppgradere Pakkbua på Byglandsfjord stasjonsområde. Tiltaket skal både ta vare på det freda kulturmiljøet og leggje til rette for at bygget kan få ei utvida rolle som viktig møteplass for lokalsamfunnet.

Pakkbua på Byglandsfjord stasjonsområde Bygland kommune

Bygland kommune set no i gang ei omfattande oppgradering av Pakkbua (godsbu) på Byglandsfjord stasjonsområde. Forarbeidet starta 17. mars 2026, og er ein del av kommunen sitt langsiktige arbeid med å ta vare på eit unikt kulturmiljø og samstundes vidareutvikle bruken av bygget for framtida. Pakkbua kjem til å vere stengt til offentleg bruk ut 2026.

Historisk bakgrunn

Byglandsfjord stasjon var endestasjonen for Setesdalsbanen, etter at Stortinget i 1889 vedtok å byggje jernbane mellom Kristiansand og Setesdal. Banen vart bygd som smalspora for å redusere kostnader og tilpassast det vanskelege terrenget i dalføret. Etter første spadetaket i 1891 vart endestasjonen ved sørenden av Byglandsfjorden høgtideleg opna den 25. november 1896.

Eit særprega kulturminne

Informasjonstavle Pakkbua Bygland kommune

Pakkbua er del av Byglandsfjord stasjonsområdet som er freda av Riksantikvaren, som eit kulturminne av nasjonal verdi. Området var òg Bygland kommune sin tusenårsstad. Stasjonsbygget er oppført i dragestil og sett opp av tømmer for å samsvare med byggjeskikken i Setesdal. På stasjonsområdet finn ein òg lokomotivstall, privet og ei nyare vedbu. Priveten vart nyleg restaurert av handverkarar frå Bygland kommune.

Heile området er eit populært turområde med eit vel bevart hage rundt stasjonsbygget. Hagearbeide blir utført av ei gruppe friviljuge som kvart år legg mykje arbeid i stell med blomsterrabattane, rhododendronbuskane og plenane.

I november 2025 vart det stifta ein foreining som ønskjer å ta vare på og utvikle stasjonsområde ytterlegare. Byglandsfjord stasjons venner skal legge kursen for 2026 i første årsmøtet sitt 19. mars.

Pakkbua på stasjonsområde på Byglandsfjord Bygland kommune Pakkbua på stasjonsområde på Byglandsfjord Bygland kommune