Mellombels stans i vassforsyning på Tveit

Teknisk drift i Bygland kommune melder at vatnet er slått av i eit område ved Austad kyrkje på Tveit på grunn av byggjearbeid.

Grunna pågåande arbeid ved Austad kyrkje på Tveit har delar av området mellombels mista vassforsyninga. Kommunen reknar med at vatnet er tilbake når arbeidet er ferdig i slutten av veke 24. 

For å sikre vatning av planter på kyrkjegarden, vert det sett ut ein 1000 liters tank. Dette vatnet er ikkje drikkevatn, og skal berre nyttast til vatning.