Ledig stilling: Leiar for interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg, Stabseining samfunnsutvikling, Bygland Kommune

Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg med Bygland kommune som vertskommune. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk leiar som skal byggje opp og leie det nye tilsynskontoret i ein viktig etableringsfase, og vidare sikre profesjonelt og heilskapleg tilsyn og saksbehandling innan avløp og forureining. 100%; Heltid; Fast; Søknadsfrist: 15.06.2026

Tilsynskontoret skal ha inntil tre 100 % stillingar, inkludert leiar. Talet på stillingar kan bli justert dersom fleire kommunar kjem med i samarbeidet.
Arbeidsstad er Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen. Noko reiseverksemd må påreknast.

Leiar for tilsynskontoret har overordna ansvar for:

  • Fagleg og administrativ leiing av kontoret.
  • Oppbygging og vidareutvikling av rutinar, system og fagmiljø.
  • Planlegging og prioritering av tilsynsaktivitet i tråd med nasjonale føringar.
  • Samarbeid med deltakar­kommunane, Statsforvaltaren og andre relevante aktørar.

 

Søknadsfrist: 26.05.2026

Stillingsannonsen på Webcruiter