Informasjon om reguleringsplan for Byglandsfjord sentrum

Varsel om mindre endring av reguleringsplan for Byglandsfjord sentrum (plan-ID: 199901). Informasjonsmøte på Pakkbua, Byglandsfjord 19.01 kl.18.00.

Det er no sendt ut varsel for mindre endring av reguleringsplan for Byglandsfjord sentrum (plan-ID: 199901). Denne reguleringsplanen omfattar i dag store delar av Byglandsfjord.

Endringa skal handsamast etter plan- og bygningslova § 12-14, andre ledd (forenkla prosess). Formålet med endringa er å oppdatera plankart og føresegner slik at dei samsvarar med faktiske forhold og gjeldande regelverk (Pbl 2008), og dessutan å sikre ei meir hensiktsmessig arealbruk for framtidig utbygging og drift.

Prosessen opnar ikkje for å gjennomføre større endringar utanfor det originale formålet med planen. Derimot vil han resultera i at bebuarar innanfor planområdet kan gjennomføre byggjetiltak på enklare vis.

Informasjonsmøte

Sjølv om planendringane ikkje er spesielt store, ønskjer kommunen likevel å halde eit informasjonsmøte på Pakkbua på Byglandsfjord stasjonsområdet, måndag 19. januar klokka 18.00.
Her vil det bli servert kaffi, og det blir rom for å stille spørsmål rundt arbeidet.

Reguleringsplan for Byglandsfjord sentrum (planid 199901) Bygland kommune