På gjenvinningstasjonane vil du finne eigne behaldarar for levering av tekstilar. Tekstilane du leverer må vere pakka i plast.
Sorter gjerne tekstilane slik:
- ting som er brukbare/kan bli brukt av andre
- ting som ikkje kan bli brukt på nytt
Tekstilar som er brukbare vil bli levert til butikkar som driv med sal av brukte klede eller til organisasjonar som brukar desse i sitt nødhjelpsarbeid.
Tekstilar som ikkje kan brukast på nytt, går til fibergjenvinning og produksjon av produkt som er basert på dette.
I vårt arbeid med gjenbruk og resirkulering av klede og andre tekstilar, har vi inngått eit samarbeid med Setpro A/I AS om sortering og vidare handtering av desse.
Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS