Spreier seg raskt
Kvart år brukar gardbrukarane mange dagsverk på å halde planta vekke frå beite. Men likevel spreiar den seg langs vegar og andre udyrka områder, også i bebygde områder. Dersom dyra får den i seg, kan den gje leverskader og død.
Bli med for å fjerne denne
Bygland kommune oppmodar deg til å vere merksam på planta og å fjerne den frå eigedommen og andre nærområde. På denne tida hjelper ikkje kjemisk bekjemping (sprøyting). No må planta bli dradd opp og lagt i restavfall for å bli kvitt frøa. Bruk gjerne hanskar.
Ved større mengder enn kva restavfallsdunken har plass til, kan privatpersonar også levere gratis i gjennomsiktige avfallssekkar til Setesdal miljø og gjenvinning sine miljøstasjonar. Det må bli levert som spesialavfall. Treng dykk avfallssekkar til føremålet er det berre å ta kontakt med Setesdal miljø og gjenvinning- telefon: 37 93 00 40 Hjem - SETESDAL MILJØ OG GJENVINNING IKS (smg-iks.no).
Meir informasjon om Landøyda?
Du kan finne meir informasjon her:
Bekjemp planten landøyda - Statsforvalteren i Agder
Faktaark-landoyda-juni-2022-NLR-Rogaland.pdf