Her er årets jolegåvetips!
I samband med Vikingutstillinga, har vi fått Hasla til å lage eit smykke. Er du i tvil om kva du skal kjøpe i jolegåve, meiner vi dette er eit godt alternativ til jolegåve til deg sjølv eller nokon annan!
Smykket kan du få i forgylt sølv eller oksidert sølv og det kostar kr. 1 225.
Smykket er inspirert av ei oval spenne frå kvinnegravfunnet på Nese i Bygland. Den ovale spenna blei datert attende til vikingtida.
Du kan få kjøpt smykket om du tar kontakt med Susanne på sentralbordet. Du kan og få kjøpt smykket på biblioteket på Bygland i opningstida.
Foto: Bygland kommune Foto: Bygland kommune
Publisert 29.11.2024 14:46
Sist endra 02.12.2024 07:43