Heimevernet med øving i Setesdal 13.- 17. april
Frå 13. til 17. april skal Setesdal HV-område utføre årleg trening, og mannskapar frå Heimevernet kjem til å vere synlege i kommunane Bykle, Valle og Bygland. Tekst av Ole Birger Lien.
Forsvaret
Ein må difor forvente å sjå soldatar med uniform, utstyr og våpen, og i tillegg ei heil rekke uniformerte militære køyretøy.
Lausammunisjon
Det kjem til å bli nytta lausammunisjon og ljosrakettar på ulike øvingsområde. Det blir også gjennomført sanitetsleksjonar med markørar - primært i Bykle kommune. Så er det altså ingen grunn til uro - ein må heller glede seg over at Heimevernet får trent seg på ulike oppgåver under ordna og trygge forhold.
Setesdal HV-område består av kommunene
Publisert 24.03.2026 13:41
Sist endra 24.03.2026 13:41