Agder fylkeskommune har i samarbeid med kommunane i Agder gjort det digitale verktøyet Gadder tilgjengeleg for alle innbyggjarar i fylket. Målet er å gjere det enklare og meir lønsamt for folk å energieffektivisere eigen bustad.
Gadder gir oversikt over energibesparande tiltak tilpassa di bustad, kva dei kostar, kor mykje du kan tene på investeringa, og kva støtteordningar som finst gjennom Enova. Verktøyet koplar deg òg saman med lokale, seriøse leverandørar som kan gjennomføre tiltaka, samt bankar som tilbyr gunstig finansiering.
Verktøyet er gratis og jobbar KI-basert.
Bygland kommune har eigen side på Gadder
Alt du treng å gjere, er å legge inn adressa di – så hentar Gadder inn dei nødvendige opplysningane automatisk.
Agder fylkeskommune og alle kommunane i fylket ønskjer å motivere innbyggjarane til å ta i bruk verktøyet og bidra til eit samla løft for energieffektivisering i dei 25 kommunane i Agder.
Får meir informasjon om prosjektet