Fugleinfluensa påvist i Agder – dette bør du vite

Mattilsynet melder at det nyleg er påvist høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) hos svaner i Flekkefjord i februar og i Tvedestrand i mars. Det kjem også fleire meldingar om døde fuglar i ulike kommunar i Agder.

Det er ikkje påvist smitte i Bygland kommune, men me deler informasjonen for å sikre at innbyggjarane veit korleis dei skal forhalde seg dersom dei kjem over fugl som kan vere sjuk eller død.

Fugleinfluensa blir jamleg påvist hos ville fuglar fleire stader i Noreg gjennom året. Mattilsynet følgjer situasjonen nøye. Det er viktig å varsle Mattilsynet dersom ein oppdagar døde eller sjuke fuglar, og ein mistenkjer fugleinfluensa. Mattilsynet vil vurdere om me skal ta prøver av fuglen.

Dette skal du gjera om du finn sjuke eller døde fuglar

  • La fuglen vere i fred. La den liggje dersom du mistenkjer fugleinfluensa.
  • Om du likevel ønskjer å fjerne ein død fugl sjølv, må du bruke eingongshanskar og munnbind, og vaske hendene godt med såpe og vatn etterpå.
  • Døde fuglar kan ikkje kastast i restavfall i område med kjend eller mistenkt smitte. Sjå Mattilsynets nettsider for praktisk informasjon om handtering: Spørsmål og svar om fugleinfluensa | Mattilsynet

Viktige råd til deg som har fjørfe eller fuglar i fangenskap

Alle som held fuglar må vere merksame på at ville fuglar kan føre med seg smitte. Godt smittevern er avgjerande for å verne fuglane dine.

Når bør du varsla Mattilsynet?

Du bør ta kontakt med Mattilsynet dersom du:

  • finn fleire døde fuglar i eit område
  • finn fugl som verkar sjuk
  • mistenkjer at fugleinfluensa kan vera årsaka

Mattilsynet vurderer deretter om det er behov for prøvetaking.

Her kan du varsla Mattilsynet: www.mattilsynet.no