Bygland kommune tek eit nytt steg for å gjere det enklare å finne fram til informasjon og aktivitetar i nærmiljøet. Med den nye appen Friskus Bygland får innbyggjarane tilgang til kommunale nyheiter og viktig informasjon direkte på mobilen, samstundes som dei kan sjå kva som skjer rundt om i kommunen.
Gjennom den integrerte aktivitetskalenderen blir arrangement, aktivitetar og frivillige oppdrag samla på éin stad. Her kan du enkelt finne alt frå kulturarrangement og treningar til kurs, møteplassar og andre lokale tilbod.
– Vi ønskjer å gjere terskelen for å delta så låg som mogleg. Når informasjon om aktivitetar og tilbod er samla på éin stad, blir det enklare å oppdage kva som skjer og finne noko som passar for deg, seier Anne Fauske, dagleg leiar ved Bygland Frivilligsentral.
Eit verktøy for heile lokalsamfunnet
Friskus Bygland er ikkje berre til nytte for innbyggjarane. Lag, foreiningar, organisasjonar, bedrifter og offentlege verksemder kan òg bruke løysinga til å synleggjere aktivitetane sine. Arrangørar kan opprette ein gratis profil, publisere arrangement, handtere påmeldingar og kommunisere med deltakarar.
Målet er enkelt: At fleire skal få vite om dei gode aktivitetane som finst i Bygland, og få høve til å vere med.
Last ned appen i dag
Vi oppmodar alle innbyggjarar til å laste ned Friskus Bygland og ta appen i bruk. Då får du ei enkel og samla oversikt over kva som skjer i kommunen, samtidig som du held deg oppdatert på nyheiter og informasjon frå kommunen.
Slik kjem du i gang
- Last ned appen Friskus Bygland frå App Store (iPhone) eller Google Play (Android).
- Opne appen på mobilen.
- Vel Opprett brukar.
- Skriv inn namn, e-postadresse og lag eit passord.
- Når registreringa er ferdig, kan du sjå aktivitetar, arrangement og nyheiter frå kommunen.
Du kan også skanne QR-koden på plakaten for å kome direkte til nedlasting av appen.
Bli arrangør
Har du oppretta brukar og ønskjer å leggje inn aktivitetar i kalenderen på vegner av eit lag, ei foreining eller ein organisasjon?
Logg inn i appen med brukaren din og vel «Bli arrangør» for å opprette ein arrangørprofil og publisere aktivitetar.
Det er mogleg å gi fleire personar frå same lag eller foreining tilgang til arrangørprofilen. Då kan fleire vere redaktørar og leggje inn og oppdatere aktivitetar.
Godt å vite:
Du treng ikkje vere arrangør for å sjå aktivitetar og nyheiter i appen. Arrangørprofil er berre for dei som ønskjer å leggje ut aktivitetar på vegner av eit lag, ei foreining eller ein organisasjon.
Velkomen til Friskus Bygland – den nye digitale møteplassen for aktivitet, engasjement og fellesskap i Bygland kommune.
Les meir: Retningslinjer for Friskus aktivitetskalender i Bygland kommune
Friskus Bygland
Friskus.com