Før kvar hending, blir det annonsert med eigne annonser på sosiale media, heimeside og Byglandsnytt. Nokre vil krevje påmelding, og i dei tilfella vil ein kunne melde seg på via Frivilligsentralen sine heimesider: Bygland frivilligsentral
Først ut var “Heile Noreg bålar”, der totalt 120 personar møtte opp rundt bålet ein vinterkveld i januar.
Vi håpar på eit godt oppmøte, og trur og håpar vi har noko for einkvar.
OBS. Vi tar noko atterhald med omsyn til vêr og det kan bli endringar på datoar.
