I år deler Bygland kommune på nytt ut kulturpris. Me gleder oss til det!
Men kven i kommunen fortener å få kulturprisen? Her ønskjer me oss innspel frå Bygland sine innbyggjarar. Difor spør me deg: Kven syns du er den rette kandidaten?
Frist for å sende inn forslag til kven som skal få kulturprisen 2026 er 1. april.
Prisen blir delt ut på 17. mai-festen.
Vurderingsgrunnlag for kandidater
Prisen går til einskildpersonar eller lag/foreiningar som på ein særskild måte har gjort ein innsats for kulturlivet i Bygland.
Korleis føreslår du ein kandidat?
Har du eit framlegg til kulturpriskandidat, kan du:
- sende elektronisk skjema frå heimesida til Bygland kommune, Skjema - Kandidat til kulturpris
- eller sende i lukka konvolutt til Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland
Merk konvolutten “Kulturprisen”.
Kulturprisen 2024 gjekk til Marit Vegusdal.