Folkemøte Prestneset 26. mars 2026
Bygland kommune
Bygland kommune vil takke for eit svært produktivt folkemøte om Prestneset og det reguleringsarbeidet vi no tek til med i fellesskap. Mellom 50 og 60 innbyggjarar med eit sterkt engasjement for området der bygda møter fjorden, stilte opp.
Etter ei gjennomgang av aktuelle problemstillingar som kommunen meiner det er viktig å få avklart, fekk alle som ønskte det høve til å ta mikrofonen og seie si meining om situasjonen på Prestneset i dag og kva retning dei ønskjer at utviklinga skal ta.
Hensikta med folkemøtet var å få eit tidleg innblikk i folks meiningar om Prestneset. Planoppstart blir snart varsla, og gjennom planprosessen vil det vere mogleg å kome med innspel på vanleg måte.
Vedlagt ligg presentasjonen frå møtet:
Presentasjon Folkemøte Prestneset (PDF, 3 MB)