Kommunen skal i gang med å revidere reguleringsplanen for Presteneset, og du er med dette invitert til å høyre om arbeidet og komme med innspel og meiningar knytte til korleis området skal sjå ut i framtida.
Stad: Bygland kulturscene
Dato: 26.03.2026
Tid: 18.00 –20.00
Folkemøtet vil ha vesentleg innverknad på utforminga av prosjektplanen, som skal leggje rammene for det vidare arbeidet. Det blir likevel ikkje siste høve til å komme med innspel.
Følg lenkja (PDF, 2 MB) for å få oversikt over tema som førebels er vurderte som viktige i reguleringsprosessen.
På møtet vil mellom anna ordførar, kommunedirektør, leder i plan-miljø og ressursutvalet og rådgjevar plan vere til stades.