Endring i handtering av tryggleiksalarmar frå januar 2026

Responssenteret i Kristiansand overta som førstelinjemottakar av alle tryggleiksalarmar i Bygland kommune frå 06.01.26

Tryggheitsalarm KvinaVita

Vi ønskjer å informere om ei viktig endring i korleis tryggleiksalarmar blir handtert i Bygland kommune. Frå tysdag 6. januar 2026 vil det ikkje lenger vere kommunens heimeteneste som tek imot alarmar direkte. I staden vil Responssenteret i Kristiansand overta som førstelinjemottakar av alle tryggleiksalarmar.

Kva betyr dette for deg som brukar?

Når du utløyser tryggleiksalarmen din, vil Responssenteret i Kristiansand svare først.
Dei vurderer situasjonen og kontaktar rett ressurs for hjelp, anten dei du har på di ringeliste, heimetenesta eller ambulanse.
Du får framleis den hjelpa du treng, men samtalen går via Responssenteret.

Kvifor gjer vi denne endringa?

For å sikre rask og profesjonell handtering av alle alarmar, uansett tidspunkt.
Responssenteret har døgnbemanning og kan følgje opp alle hendingar effektivt.

Kva må du gjere?

Du treng ikkje gjere noko. Tryggleiksalarmen din fungerer som før.

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon.