Endra innspelsfrist for reguleringsplanen Byglandsfjord sentrum - ny frist 30.01.26

Fristen for innspel til reguleringsplanen for Byglandsfjord sentrum blei utsatt til fredag 30. januar.

Informasjonsmøtet om reguleringsplan for Byglandsfjord sentrum 19. januar på Pakkbua vart sparka i gang med ei kort samanfatning av status for planarbeidet frå saksbehandlaren til kommunen.  

Av dei 38 oppmøtte bebuarane på Byglandsfjord var det mange som hadde spørsmål rundt reguleringsarbeidet i tillegg til innspel til reguleringsforslaget. Saksbehandlar var imponert over kor mange som kom, og over engasjementet og dei gode diskusjonane.

På møtet vart det spurt utsett frist for innspel til reguleringsplan, og ny frist er no sett til 30.01.26.

Fylkeskommunen har komme med fleire viktige krav og innspel til den nye planen. Dette kan forseinka prosessen noko, men behandlar i fylkeskommunen viser stort engasjement for å bidra med kompetanse og støtte. Før kommunen og fylkeskommunen har vore i nærare dialog, kan det vere vanskeleg å stadfeste når me kan sjå for oss vedtak av ny plan. 

Oppdatering vil komme.

Stort oppmøte på Pakkbua 19.01.26 da Bygland kommune inviterte til informasjonsmøte om reguleringsplanen for Byglandsfjord sentrum Bygland kommune Informasjonsmøte om reguleringsplan for Byglandsfjord sentrum 19.01.26 - Rådgjevar plan Vemund Gulbrandsen Bygland kommune