Dette betyr at bønder som planlegg grøfting eller annan drenering av jordbruksjord kan få betydelig høgare støtte enn tidlegare.
Kor mykje kan du få?
Agder fylkeskommune sitt tilleggstilskot for 2026 er:
- 2 000 kr per dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving
- 30 kr per løpemeter grøft ved annan grøfting, avgrensa til maks 2 000 kr per dekar
Dette kjem på toppen av dei statlege satsane (bl.a. 4 000 kr per dekar ved systematisk drenering).
Slik søker du
Du søker berre på den statlege ordninga. Du skal altså ikkje sende eiga søknad til fylkeskommunen.
- Send søknad om statleg dreneringstilskot via Landbruksdirektoratet.
- Kommunen behandlar søknaden som vanleg.
- Når søknaden er innvilga, sender kommunen kopi av vedtaket til Agder fylkeskommune.
- Fylkeskommunen innvilgar ekstratilskot etter søknadsdato – «førstemann til mølla».
Søknadsskjema Tilskot til drenering av jordbruksjord - Landbruksdirektoratet
Viktige fristar og vilkår
- Ordninga gjeld søknader sendt inn etter 1. januar 2026.
- Tiltaket må ikkje vere sett i gang før 1. januar 2026.
- Arbeidet må vere gjennomført innan 2028.
Statsforvaltaren melder at dei fylkeskommunale midlane truleg blir brukte opp i løpet av februar–mars, så det løner seg å vere tidleg ute.