Bygland med i Oppfølgingsordninga frå 2025 til 2028

Bygland kommune deltek i den statlege Oppfølgingsordninga frå 2025 til 2028 for å styrkje kvaliteten i opplæringa, med særleg vekt på lesing og rekning i skulen.

Bygland kommune er trekt ut til å delta i den statlege Oppfølgingsordninga i perioden 2025–2028. Bakgrunnen er resultat frå nasjonale prøver som viser låge resultat i lesing og rekning på 5. trinn.

Oppfølgingsordninga er ei statleg støtteordning retta mot kommunar og skular som over tid har hatt utfordringar med elevanes læringsutbytte i grunnleggande ferdigheiter. Målet er å styrkje kvaliteten i opplæringa gjennom systematisk og langsiktig utviklingsarbeid.

– Rettleiing gjennom oppfølgingsordninga er ei viktig moglegheit til å jobbe strukturert og systematisk med utvikling av skulane i Bygland kommune, seier kommunalsjef oppvekst og kultur Marit Jaabæk Brokke.

Ho understrekar at ordninga ikkje er ein kontroll- eller tilsynsordning, men eit samarbeid basert på støtte og tillit. Statsforvaltaren følgjer med og opp skuleeigar, samtidig gis det gjennom økonomiske støtteordningar mogelegheit for råd og rettleiing frå kompetansemiljø.

– Vi får tettare fagleg oppfølging frå statsforvaltaren og tilgang til kompetanse som skal hjelpe oss med analyse av leiing, utvikling og undervisningspraksis. Arbeidet tek utgangspunkt i skulane sine eigne behov og føresetnader, seier ho.

Fokus på lesing, rekning og heilskapleg utvikling

Eit sentralt mål i perioden 2025–2028 er å styrkje elevane sine ferdigheiter i lesing og rekning, særleg på mellomtrinnet. Samstundes blir utviklingsarbeidet gjennom oppfølgingsordninga sett inn i ein større samanheng i oppvekstsektoren.

– Vi ser Oppfølgingsordninga i tett samanheng med arbeidet vårt gjennom KS Kompetanse og programmet for heilskapleg leiing i oppvekstsektoren, seier kommunalsjef Oppvekst og kultur Marit Jaabæk Brokke.

Programmet har som mål å styrkje samanhengen mellom leiing, pedagogisk praksis og tverrfagleg samarbeid, og å bidra til betre vilkår for barn og unge si læring og livsmeistring.

– Grunnleggande ferdigheiter som lesing og rekning er heilt avgjerande for meistring, motivasjon, vidare læring og utvikling. Målet er at alle fullfører vidaregåande opplæring og anna utdanning for å sikre mogelegheit for deltaking i arbeidslivet og styrke levekåra. Når vi samtidig jobbar med heilskapleg leiing, handlar det om å sjå barn og unge sin faglege utvikling, grunnleggjande ferdigheiter, trivsel og livsmeistring i samanheng, seier Brokke.

Langsiktig arbeid for betre læringsutbytte

Deltaking i Oppfølgingsordninga inneber eit utviklingsløp over fleire år, der kommunen, skulane og statlege støttefunksjonar samarbeider tett.

– Målet er ikkje berre betre resultat på prøver, men å bygge robuste strukturar og ein sterk profesjonskultur som varer over tid. Det skal kome elevane i Bygland til gode, no og i framtida, avsluttar ho.