Bygland kommune vurderer å innføre midlertidig bygge- og deleforbod på Reiårsfossen camping

Bygland kommune har sendt ut eit varsel om at kommunen vurderer å innføre midlertidig bygge- og deleforbod på Reiårsfossen camping. Fristen for å komme med innspel er 1.9.2024.

Dagens reguleringsplan for Reiårsfossen Camping er gamal og kommunen har fått ny kunnskap om flaumfare i Åraksfjorden. Det er naudsynt med ei ny planfagleg vurdering av området på Reiårsfossen Camping. 

Ein planprosess vil ta tid og for å unngå at det blir sett i gong byggetiltak som kan gjere det vanskeleg å lage ein ny heilhetleg plan for vidareutvikling av området, er det sendt ut varsel om at kommunen vurderer å innføre midlertidig bygge- og deleforbod på Reiårsfossen Camping.
 

Frist for å kome med innspill til om det bør bli innført midlertidig bygge- og deleforbod  er 1.9.2024.

Brevet som er sendt ut til grunneigarar i området, saksutgreiing og vedtak i plan-, miljø- og ressursutvalet, samt gjeldande reguleringsplan kart og føresegner finn du nedanfor:
 

Her finn du brevet som er sendt ut (PDF, 6 MB)