Bygland kommune har starta samarbeid med Freysta

Bygland kommune har vore pilot for den første norske søkbare bygdeportalen Freysta. Samarbeidet held fram, og no er administrasjonssenteret Bygland ute på sida. Arbeidet med Byglandsfjord er i gang.


-Heile kommunen er full av perler som fortenar å bli sett og sett pris på, seier dagleg leiar i Freysta, Marion Solheim.

-De har den fantastiske Byglandsfjorden med dei nydelege sandstrendene, bleka, Bjoren, gullfunn og vikinghistorie, UNESCO-statusen, lokalmat av ypperste klasse og mykje, mykje meir. Og veldig hyggelege innbyggjarar. Det kan eg skrive under på, seier ho med eit smil.

Målet med Freysta er å gjere det enklare for folk i Noreg og ute i verda å finne fram til draumebygda. Det primære målet er auka tilflytting til distrikta, men det er også eit nyttig verkty for dei som vil på tur og sjå nye plassar.  

-Det gjev meining for oss å lage ein søkbar portal for bygde-Noreg. Det er litt som Tinder og litt som Finn.no. Eller for å ta eit døme, no er det mange som skal bestille hotell. Men ein veit jo ikkje namnet på hotellet, ein veit kva ein treng og har lyst på og får opp dei beste resultata. Slik er det med Freysta også, folk veit om dei treng barnehage eller likar fiske, skogsturar eller alpin. Då kan du søke deg fram på Freysta. Det blir også viktig for oss å fronte det lokale næringslivet, seier Marion.

-Vi har hatt eit fabelaktig samarbeid med Bygland kommune, og vi har heilt klart det same målet – sprell levande bygder. avsluttar ho.