Midt på vinteren kan det vere tungt å kome seg over dørstokkmila, og vi kan alle trenge ein dytt for å kome i gong. Det er også mykje hyggelegare å gjere ting i fellesskap.
Utfordringa i dytt kampanjen var å klare å gå rundt jorda på 100 dagar- noko som tilsvarar 40 millionar skritt! I starten var vi litt spente på om vi kom til å klare det, men vi såg fort at dette kom Bygland til å klare med god margin.
Vi har nå gått over 40 millionar skritt, og har gått på tvers av jorda på under 30 dagar. Det er imponerande! Vi har gått frå Bygland til Berlin-Kairo-Istanbul-Bangkok-Sydney-Cape Town- Rio de Janeiro-New York-York, og tilbake til Bygland.
Vi har ikkje lyst til å gi oss enno, så vi prøver no å gå jorda både på tvers OG på langs-frå pol til pol på under 80 dagar. Etter dette kan vi kanskje omtale oss som den sprekaste kommunen i Agder?
Det kan sjå ut til at lufta på Byglandsfjord er særs helsebringande, for alle dei 15 øvste på lista anten bur eller arbeider på Byglandsfjord! I tillegg har Byglandsfjord skule ligge på topp av laglista omtrent heile tida. Det er bare Bygland barnehage som av og til tar ein spurt forbi dei. Klarer dei andre laga å utfordre Byglandsfjord skule?
Bli med på neste runde!
Vi er ein stor gjeng som går no, rundt 175 personar og 10 lag,men det er plass til fleire. Om du har lyst til å bli med kan du laste ned appen frå Dytt.no og legge inn startkode Bygland2025. Du kan og registrere deg på dytt.no/bygland.