Bygland Frivilligsentral som er eigd av Bygland kommune har fått bevilga 300 000 kroner i støtte frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet «Noko gøy i sommar!».
Midlane skal nyttast til å gje ungdom i Bygland sommarjobb i BUA Bygland, der dei sjølve bidreg til å skape aktivitetar og gode opplevingar for andre barn og ungdom i sommarferien. Prosjektet skal både leggje til rette for meiningsfulle sysselsetjing for ungdom og sikre fleire inkluderande fritidstilbod lokalt.
Støtta frå Gjensidigestiftelsen gjer det mogleg å setje i gang aktivitetar som styrkjer fellesskap, trivsel og engasjement blant barn og unge i kommunen gjennom sommaren.
Bygland kommune og Bygland Frivilligsentral er svært takksame for tildelinga og ser fram til å gjennomføre prosjektet i samarbeid med ungdommane.
Sommarjobb for ungdom er viktig både for den enkelte og for lokalsamfunnet. Gjennom «Noko gøy i sommar!» får ungdom i Bygland høve til å tene eigne pengar, få ei første innføring i arbeidslivet og skaffe seg verdifull erfaring å føre opp på CV-en.
Aktivitetstilbodet til barn og unge i deira sommarferie, er særleg viktig for dei som ikkje har høve til å reise bort i ferien, og bidreg til å skape inkludering, meistring og tilknyting til nærmiljøet. Ikkje minst skapar det utøving av fysisk aktivitet, noko som bidreg til god folkehelse.
BUA Bygland og Bygland frivilligsentral er i ferd med å sette opp eit flott sommarprogram for barn og ungdom i Bygland frå klasse 1-10. Aktivitetar skal ta til i vekene 26 -28.
Les meir om saka: BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland sommar 2026