BUA bokser for Bygland

Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.

BUA boks Bua.no

I første veka i mai kjem det tre BUA bokser til Bygland. Dette er ein pilot (prøveprosjekt), og Bygland er dei einaste på heile Sørlandet som er med på dette, og 1 av 4 BUA er på landsbasis. Det er aldri blitt gjort før i Noreg! 

Kva er så dette? BUA boksane vil likne på postboksane du ofte finn utanfor butikkar. Forskjellen er at desse vert fylt med utstyr, og ikkje post. Kvar luke er gjennomsiktig slik at du kan sjå kva som er inni. Det einaste du treng å gjere for å hente ut ytstyr er å scanne ein qrkode, og logge på med din BUA bruker, og vipps luka opner seg. Utstyret er klar til bruk. 

Me vil ta sikte på å fylle utstyret med sommar og vinter utstyr. Utstyret skal vere tilpassa området boksen står i. Det kan vere fotball, kubbespel, boccia, stort ludo eller tennisutstyr. Boksane er sjølvbetente og tilgjengelege heile døgnet. 

Boksane skal stå på følgande lokalsjonar: Årdalshallen på Byglandsfjord, Byglandshallen på Bygland og Åraksbø grendehus i Åraksbø. 

Me gler oss stort til å prøve dette ut! Takk til Dam stilftelsen og Bygg Bygland som har støtta oss i dette.

BUA Bygland

Telefonnummeret til vakttelefonen er: 94 50 28 58. 

Adresse: BUA Bygland; Presteneset 2; 4745 Bygland