Bli med på årets viktigaste dugnad!

Til alle dykk som arbeider med barn og unge i Bygland kommune, gjennom jobb eller i fritida: De er med dette invitert til årets viktigaste dugnad på Kulturscena 26. september kl. 17:00

Som mange av dykk veit, planlegg vi saman med ungdomsrådet, ein Allemed-dugnad i kommunen. Først skal vi ha ein dugnad i skuletida, deretter skal me ha ein vaksendugnad. Du er invitert til vaksendugnaden.

Kva er Allemed?

ALLEMED er eit dialogverktøy som tematiserer barns rett til fritid og barrierar for deltaking, med særleg vekt på økonomi som barriere. Når deltakar kjem saman for å bruke verktøyet, kallar vi det ein dugnad. Målet med dugnaden er å skape ein felles bevisstheit og komme fram til konkrete idear til kva som skal til for å få alle med i fritidsaktivitetar. 

Verktøyet er utvikla av NDFU (Nasjonal dugnad mot fattigdom og utenforskap blant barn og unge). Dei arbeider for at barn og unge får moglegheit til å ta del i fritidsaktivitet, uavhengig av familiens økonomi.
 

I følgje Bufdir sine tal frå 2021 lever 17,2 % av barn i Bygland kommune i «husholdninger med vedvarende lavinntekt» ( Les om dette her ) Dette er eit høgt tal samanlikna med fylket (13,3%) og landet for øvrig (11,4%). 
 

Vi håper at de vil vere med på ein dugnad der vi saman kan ha ein målretta diskusjon om barns rett til fritid og barrierar for deltaking i organisert fritidsaktivitet.

Vi inviterer deg til å kome til Kulturscena 26. september, klokka 17.00.

Meld deg på her : Bygland frivilligsentral - ALLEMED-Dugnad i Bygland kommune!, 26.09.2024

Me vil servere enkel mat, kaffi og te. Difor er det fint om du melder deg på 😊

Du finn meir info på : https://www.allemed.no/